Forside    Kirkevekst    Data    Lydteknikk    Stikkordliste    Om Meg    Gjestebok    UK.gif

Når huset slår sprekker

- har hjørnesteinen sklidd ut

av Jan Einar Visnes Print  
06. mai 2006 09:41

Heime i bygda har vi et bedehus som vart bygd for ca. 30 år sidan, et fint og solidt murhus. Det var et viktig samlingspunkt i bygda og ofte brukt. Men etter kvart viste det seg at ett av hjørnene til huset ikkje var godt nok murt, for stygge sprekker begynte å vise seg oppover kroken og langs taket. Men situasjonen vart heldigvis aldri så alvorleg at bedehuset ikkje kunne brukas.

(Leserbrev i Vårt Land for nokre år sidan.)

Det stridast i kyrkja, det er splittelse! Slik har mange lesarbrev begynt i den siste tida, og dette er ikkje et unntak. Eg treng ikkje referere til sak, den kjenner dei aller fleste. Eg skal heller ikkje ta opp spørsmålet om kva striden og splittinga fører med seg, men derimot ta opp spørmålet om kva som er årsak til sprekkdannelsene. Nokre av debattantane skuldar på liberal-teologien, andre skuldar på staten og deira autoritet til å utnemne prostar og biskopar.

No vil eg rette søkjelyset i ei anna retning, mot han som er hovedhjørnesteinen i den verdensvide kyrkje, og også hovedhjørnesteinen i den norske Kyrkje. For når huset slår sprekker, har hjørnesteinen sklidd ut. Det mange tenkjer på når vi nemner kyrkja, det er sjølve bygninga, men her meinar eg samfunnet av dei truande, dei heilage. Heime måtte vi til å grave opp rundt dette hjørnet, og så forsiktig prøve å lirke hjørnesteinane på plass. Kanskje måtte vi også slå inn nokre nye kilar for å få hjørnet stabilt. Det vart mykje styr for å få reparert dette hjørnet.

Men kva kan ha skjedd sidan hjørnesteinen har sklidd ut? Låg ikkje hjørnesteinen stødig i hjertene på dei ”heilage”?


Relaterte Artikler:
Andre Artikler:
Google search:
Jan Einar Visnes
Internett/Google
Sponsorer: